Det blir søndagsskule kvar gong det er gudsteneste i kyrkja utover hausten. Unntaket er når det er haustferie, 6. oktober. Me startar oppatt no søndag 25. august. Velkommen til alle!
Det vil også bli enkelte andre samlingar utanom gudstenestene, der me vil "kuppa kyrkja", så følg med i Hordaland Folkeblad og her på bloggen for datoar.
Merk spesielt følgjande datoar:
13. og 14. september: oppstart av Norheimsund soul-children (fredag 13. er det planleggingsdag på skulen). Soul-children er for gutar og jenter som er 10 år og oppover. Sjå www.soulchildren.no
22. september: utdeling av 6-års bok til alle som har begynt i første klasse.
16.-17. november: Lys-Vaken arrangement med overnatting i kyrkja for dei som går i 5. og 6. klasse.
Årstema i Sprell levande sitt søndagsskuleopplegg for skuleåret 2013-2014 er "opp-ned". Alle forteljingane viser ulike sider av korleis livet med Gud kan vera heilt opp-ned i forhold til det verda forventar.... Spennande!