torsdag 6. februar 2014

Søndagsskule våren 2014

Våren 2014 blir det søndagsskule under desse gudstenestene: 

12. januar
26. januar
9. februar
9. mars
23. mars
6. april
20. april - Påskedag
25. mai
1. juni - Jubileumsgusteneste - Norheimsund kyrkje 25 år!

tirsdag 3. desember 2013

LUCIA-FEST

Det blir TO samlingar, to søndagar på rad. 

Søndag 8. desember kl 11: 

SAMLING MED FØREBUING
Denne dagen har barna heile kyrkja heilt for seg sjølve :) Det blir først ei kort samling inne i kyrkjerommet med forteljing frå Bibelen og song. Så går me inn i kyrkjelydssalen / kjøkkenet, der me førebur Luciafesten som skal vera neste søndag.

-bakar lussekattar
-lagar pynt som barna kan bruka i Lucia-tog (stjerneguthattar, glitterpynt o.l.)
-kokar heimelaga gløgg
-enkel julegåveverkstad

Det blir servert nysteikte sveler, mandariner, pepperkaker, saft og kaffi. (og sjølvsagt litt smaksprøvar på lussekattane og gløggen).

Søndag 15. desember kl 11:

GUDSTENESTE MED LUCIAFEST

Gudsteneste med Lucia-tog ved barna. Anne Cathrine Eiken tek del med song. Gløgg og lussekattar til alle etterpå. Julegåveverkstaden held fram for dei som vil.

NB! Dei barna som vil vera med i Lucia-toget må ha med / på seg kvite klede.

onsdag 21. august 2013

Velkommen til nytt søndagsskuleår! Opp-ned-året!

Det blir søndagsskule kvar gong det er gudsteneste i kyrkja utover hausten. Unntaket er når det er haustferie, 6. oktober. Me startar oppatt no søndag 25. august. Velkommen til alle!

Det vil også bli enkelte andre samlingar utanom gudstenestene, der me vil "kuppa kyrkja", så følg med i Hordaland Folkeblad og her på bloggen for datoar.

Merk spesielt følgjande datoar:

13. og 14. september: oppstart av Norheimsund soul-children (fredag 13. er det planleggingsdag på skulen). Soul-children er for gutar og jenter som er 10 år og oppover. Sjå www.soulchildren.no 

22. september: utdeling av 6-års bok til alle som har begynt i første klasse.

16.-17. november: Lys-Vaken arrangement med overnatting i kyrkja for dei som går i 5. og 6. klasse.



Årstema i Sprell levande sitt søndagsskuleopplegg for skuleåret 2013-2014 er "opp-ned". Alle forteljingane viser ulike sider av korleis livet med Gud kan vera heilt opp-ned i forhold til det verda forventar.... Spennande! 

lørdag 12. januar 2013

Søndagsskulen våren 2013

Det blir søndagsskule kvar gong det er gudsteneste i kyrkja dette vårsemesteret. Unntaket er søndagen i vinterferien (24. februar). Velkomen!!!

onsdag 18. januar 2012

Søndagsskulen våren 2012!

Denne våren blir det søndagsskule følgjande søndagar:
8. januar - under gudstenesta
22. januar - under gudstenesta
5. februar - under gudstenesra
19. februar - Kuppe kyrkja - fastelavnsfest (kl 11)
26. februar - ikkje søndagsskule, men me stiller på skigudsteneste på Sjusete (Kjosåsløypa)
18. mars - under gudstenesta
25. mars - Kuppe kyrkja
1. påskedag 8. april - ikkje vanleg søndagsskule, men tilrettelagt for barna under gudstenesta v/ kateket Marna
22. april - under gudstenesta
20. mai - under gudstenesta
Pinsedag 27. mai - under gudstenesta
2. pinsedag - kyrkjelydstur til Botnen
3. juni - under gudstenesta

torsdag 22. desember 2011

Ikkje søndagsskule 1. Juledag

Det blir desverre ikkje søndagsskule under gudstenesta 1. Juledag. Me takkar alle for mange fine samlingar i året som har gått og ynskjer GOD JUL til alle! Me snakkast på nyåret!